Kva er eigentleg så gale med pels?

No var det lenge sia eg har vore innom bloggen i det heile teke. Kanskje på tide å skrive eit kvart igjen?

I dag har eg lyst å ta føre meg litt tankar rundt ressursutnytting.
Det vert ikkje eit "faktabasret og opplysande innlegg" med mykje hnevisningar hit og dit, kun mine tankar og meiningar. Så får eg heller vurdere om eg vil lage eit slikt innlegg seinare.


Bilde 1: Flåing i 2010.
Bilde 2: Ulevepels funne på google
Bilde 3: Skinnfell funne på google

Som mange gjerne har fått med seg, så poserte den mykje omdiskuterte politikaren Sandra Borch i ei jakke laga av ulvepels. Dette vart blåst stort opp i media, og resulterte i ein storm av kommentarar til frøken Borch, både positive og negative.
Både bruken av pels og synspunkt på ulv er to nokså spesielle og temmeleg "brennbare" tema, som i stor grad går heilt over styr kvar gong dei vert tekne opp. Ein kan knapt ymte frampå med ei meining, uten å bli regelrett hudfletta. Om ein er for pels, ser dyrevernarar raudt og motsatt, det same gjeld rovdyr. Det seier litt om ståda, når folk kjem med hets og til og med drapstrusslar fordi andre er av ulik oppfatning! Kva er det som feilar folk? Folk må då ha lov til å ha ulike meiningar!
Det var ein digresjon, så nok om det. Det er ikkje den diskusjonen eg vil ta opp no.

Tilbake til tema, tilbake til pelsjakka.

Denne jakka var visst nok frykteleg på alle mulege måtar og gjor innehavaren til ein minst like frykteleg person, i følge enkelte av dei som engasjerte seg i diverse kommentarfelt rundtomkring på nett.
Det er merkeleg at ei jakke kan lage SÅ mykje oppstyr, sjølv om den er laga av ulvepels og brukt av ein person som har vore tydeleg i sin ståstad når det gjeld ulvepolitikken. Politikk og person er forskjellege ting. Og for å vere heilt ærleg, så ser eg ikkje heilt problemet med den jakka i seg sjølv.

Sett at du har eit dødt dyr, i dette tilfelle ein ulv.
Dødsårsaka kan ha kome av jakt, påkøyrsle eller andre ting, det er ikkje relevant akkurat no.
Du har altså ein daud ulv.
Kva gjer du då? Grev den ned? Brenner den?
Dyret lever ikkje lenger, og det er ikkje noko vi kan gjere for å få det tilbake til live igjen, men det betyr ikkje at det treng vere slutten på alt. Eg synest at det er fornuftig å unytte det ein kan av dyret, slik at det ikkje går til spel. For kva er vel så ille med at vi brukar pelsen til å halde oss varme, kjøtet til dyrefôr og beina o.l. til f.eks. smykker? Det er slik menneska har gjort i uminnelege tider, og det er ein fin måte å akseptere, respektere og dra nytte av dei ressursane som finnest i naturen.
I dag er det så mykje sløsing og dårleg utnyting av ressursar, at det er heilt skummelt! Vi brude heller sjå det positive i at nokon vel, eller burde eg kanskje seie tørr, å nytte pelsen av eit dødt dyr til eit fornuftig formål, som det å halde seg varm. Er det verkeleg slik at dei som vel å nytte dyra mest muleg etter deira bortgong bør unnskylde seg og gå med dårleg samvit? (for ikkje å snakke om at dei bør brenne i helvette, bli torturert og voldtatt, osv osv).

La oss skifte dyreslag. La oss ta sau.

Er det like ille å nytte ressursane sauen gir oss? Ulla klipper vi jo, og nyttar til bl.a. garn og stoff som vi igjen brukar til å halde oss varme. Er det galt? Ja, dyret lev og har det fint, men sauen treng ein del ekstra fôr for å ha noke næring til å la ulla veksa ut att. Om ein ikkje veit kva ein held på med, kan klipping vere til stor skade for dyret: næringsmangel, forfryssning, skade på foster osv.
Så lenge ein veit kva ein held på med, har respekt for naturen og viser omsorg for dyra, er det ingen grunn til å vere skeptisk til bruken av ull.

Sei så at sauen vert sendt til slakting, slik dei fleste sauer ein gong vert.

Kva no?
Er det kun dei beste kjøtstykka som skal nyttast? Burde vi ikkje verte flinkare til å nytte alle delar av sauen? Blodet, innmaten og pelsen? 
(Eg veit at enkelte mennesker er heilt i mot slakting av dyr generelt. Dyra burde få leve til dei vert gamle og døyr av naturlege årsaker. Dei om det, eg er ikkje einig og det er greit).
Kor godt er det vel ikkje å ha ein sauefell til å halde seg varm på beina, når ein sit ved skrivebordet eller går ut av senga på morgonen? Kor mange spedbarn har vel ikkje drege nytte av den varmen ein sauefell kan gi, slik at dei både søv betre og legg betre på seg? Eller kva med alle skinntøfler? Dei er jo utruleg gode!
Her i huset har eg, som eg kjem på akkurat no: 3 langhåra sauefellar. 2 kortklipte fellar (ein liten og ein stor), der den eine er i senga til minstemann. Ein lammeskinnspose til barnevogna. Og eit par tøfler av både ull og skinn. Skulle desse produkta berre gått til grunne, fordi "det er makabert å ikle seg døde dyr"? Eg klarar ikkje å sjå problemet med å bruke desse produkta, laga av daude dyr. Dei har gitt meg veldig mykje gode opplevinga og vore til stor nytte. Å nytte pelsen til dyr har lang tradisjon over heile verda.
Kvifor skulle det vere så mykje verre å nytte pelsen til ein ulv?

Eg hadde ein utruleg tøff lærar ein gong, eit av dei kulaste kvinnemenneska eg har møtt. Ho har eit utruleg dyretekke og er ein skikkeleg sprudlande og triveleg person. Ho lærte meg så mangt om mykje: garving, sying i skinn, anatomi og åtferd hos hest, utruging av kyllingar, korleis "destillere" dårleg vin på ein enkel måte, korleis sjå positivt på ting, resursutnytting og mykje meir. Ho har vore til stor inspirasjon på mange måtar.
Ein av dei tinga som var facinerande med denne dama her, er evna til å utytte ressursane ho har tilgjengeleg. Alt på dyret kan brukast! Ho har ei eiga greie når det kjem til skinn og pels. Og akkurat der synest eg mange kan dra lærdom. Ho har vesker av kjeskinn, jakker, huer, bukser og sko av forskjellege dyrehuder. Den nyaste kreasjonen var ei jakke, den var laga av ikkje mindre enn 5 forskjellege dyr. Dyr som alle hadde hatt eit godt liv og ein human død. Burde ein verkeleg heller kasta desse urulege materiala, i staden for å bruke dei?

Kva er vel betre enn å nytte dyra fult ut, etter at dei er daude? Korleis kan folk meine at vi heller burde kaste og berren alle dei fantastiske ressursane? Eg skjønnar det ikkje.

Når eg kjem med utsagn som dette, har eg på følelsen av at enkelte vil kunne kome med påstandar om dyrevelferd og slike ting.
Eg er verkeleg FOR god dyrevelferd. Dyr skal ha det godt, få nok mat, drikke, mosjon, omsorg og tryggheit. Ein skal behandle dyr med respekt, og for meg, vil det seie at ein er pliktige til å nytte dei best muleg også etter deira bortgang. Det er ein dyreeigars ansvar å ta vare på og vidareforedle dei produkta dyra kan tilby. Etter mitt syn, er det respektlaust å la ein flott dyrepels gå rett i søpla. Enten det no måtte vere sau, geit, katt, kyr, ulv eller noko heilt anna det er snakk om.
Og kven kan vel seie at fjellsko av skinn ikkje er gode å gå i? Dei tilpassar seg godt til foten, held vatn ute og kan vedlikehaldast av heilt naturlege ingrediensar, slik som bivoks. I motsetning til f.eks. goretex-sko som treng impregneringsspray med forskjellege kjemikaliar i. Skinnsko er laga av dyrehud det og, berre at håra e fjerna.

Eg er for bruken av daude dyr til nyttige formål.
Nestegong eg skal slakte, vil eg sende skinna til eit garveri, når eg så får skinna tilbake vil eg sy meg noko av dei når itda byr seg. Ein vest av kjeeskinn ville vore fint eller kanskje ei jakke. Eg har lenge fantasert om ein kep/kappe laga av ullstoff, kanta med kjeeskinn. Ein gong skal det bli ein realitet.

Og så har vi kyllingar!

I gårkveld var det sprekker i det første egget, og i dagtidleg var det fire egg med hol og sprekker i, då vi kom for å sjekke. Medan vi sat der og såg, vart det sprekker i to egg til! Den første kyllingen kom til verda rundt klokka 8 i dagtideleg. Det var ein nesten heilt gul kylling, med litt svart på hovudet og rundt auga.
Kylling nr.2 var derimot heilt svart, foruten eit lite lyst felt øverst på nebbet. Kylling tre var heilt gul (dette var den første vi såg kome heilt ut av egget). Etter det har kyllingane kome i tur og orden, dei har vore gule med mørke striper/flekkar. No nettopp var eg inn og bevitna ankomsten til kylling nr.6 (eg lurer på om den er heilt gul). Det er kjempekoseleg med klekking!

Det er ikkje heilt lett å sjå inni rugemaskina, eg må bruke ei lykt for å få godt lys og legge meg heilt inntil, og det er ikkje stort enklare å ta bilder, heller vanskelegare.
Det gikk til slutt, slik at eg fikk nokre som var brukbare, her er resultata:


Her er kylling nr1, nokså sliten etter å ha kome ut av egget, så den tok seg ein kvil og brukte fuktmålaren til pute.



Kylling nr2 er flokkens "sorte får".


Kylling nr.3 er truleg heilt gul og var første vi fikk sjå kome heilt ut av egget. Den kom ut rett etter henting i barnehagen, så det var kjekt for både store og små.


Om dette er kylling nr4 eller nr5 veit eg ikkje, då det var komne to stk uten at eg var tilstades. Begge er lyse med litt striper, eine mørkare enn den andre.


Her er kylling nr.6 nesten akkurat komen ut av egget. Ein kan sjå den er nokså våt og puskete endå. Eg trur den er heilt gul.

Alle kyllingane pip og vandrar rundt i rugemaskina. Og så legg dei seg til å sove på dei raraste plassar. Kjempesøte er dei, og eg kan knapt vente til eg skal ta dei ut av maskina. Det skrik "kos med meg" lang veg av dei!

Alle egge som er klekt har vore av islandsegga, dei tre DK egga er det ikkje så mykje som har skjedd med, men eine fikk litt sprekker i dag tidleg. Forhåpentlegvis kjem det dermed ein kylling i løpet av natta. 2egg av DK og 2islandsegg er like heile, etter kva eg kan sjå. Blir spennande å sjå om det skjer noko med dei i løpet av næraste døgnet, "terminenen" er jo først i mårå, men sidan første kylling var ute i dagtidleg, reknar eg med at dei andre ikkje drøyar alt for lenge.
Kylling 1må uansett ut innen det er gått to døgn(men ein skal ikkje opne rugemaskina under klekking). Tenkte å ta ut kyllingar i mårå kveld (ca 1,5døgn sidan første klekking, for å sikkre at dei får i seg mat tidsnok. Om det då er egg igjen, får eg passe på å dusje inn litt lunka vatn, slik at temperaturen og fukta held seg stabilt. Kyllingar som ikkje er tørka på det tidspunktet, får sjølvsagt vere igjen til duna er tørre nok, ellers vil dei fryse. Reknar med at dersom det er egg igjen på måndag, som ikkje viser teikn til liv, så blir det til å avslutte ruginga. Skjønt eg håpar alle egga klekker i løpet av det komande døgnet.


Om du har lyst på høner, og har mulegheit til å låne ei rugemaskin, vil eg absolutt anbefale å prøve det!
Det er litt nervepirrande, då så mykje kan gå gale, men gleda av å sjå utviklinga inne i egga og ikkje minst i å sjå resultatet etter klekking er verkeleg heilt ubetaleleg.

BREAKING NEWS!

No skjer det ting i rugemaskina, eine egget har begynt å få sprekker!
Eg gledar meg som ein unge og fikk plutseleg veldig mykje energi som eg får bruke til eit kvart nyttigt!

Sjå her:

Anna vinkel:



Hurra! Håpar alt går etter plana, sidan "termin" ikkje er før 8.juni.

Svenske flaggans dag, 6.juni 2013

Då viste datoen nok ein gong 6.juni, og tradisjon tru sendte vi ein flokk bukkekje på oppfeiting hos feriebøndene litt lengre nede i dalen. Dermed har vi atter to geitebønder her i dalen!
Som vanleg stilte våre svenske vener sterkt, med både svenskar, nordmenn og fleire. Parada vart på 4 bilar og 1 hengar, då traktoren "Bobby" er ute av drift for tida, pga punktert dekk.
Som sjåfør hadde eg ikkje anledning til å fotografere opptoget, men diverse turistar og forbipasserande fikk med seg følget. Dei ti kjea som fikk kome ut var verka veldig godt nøgde med beitet, og folket verke storfornøgde med dei nye naboane sine.

Gratulerer med dagen til alle Svenskar!

Spendte kje som snart skal få slippe på beite, og kanskje endå meir spente feriebønder.

Kjea virka å stortrives på beitet, men dei var litt skeptiske til det nye miljøet i starten.

Som seg hør og bør vart det prat og leik før det var på tide å vende nasa heimover.

 

På veg heim la eg merke til at søstra mi hadde oppdaga nokre rømlingar, dermed var det å parkere og hjelpe til.
Ein sau og eine lammet var kome utom gjerdet, det andre lammet sprang langs gjerdet på innsida. Sauen var ikkje vidare trygg på meg. Sikkert ikkje så rart, sidan det verken var eit spesielt kjendt fjes eller mjølbøtte å sjå, i tillegg til ei skummel raud regnjakke. Dermed begynte moro. Sauden oppover bakken det den orka, lammet hang på.
Kva gjer ein då?
Jo, det er i grunn berre ein ting å gjere, nemleg å henge seg på og prøve å kome seg rundt. Noko som er enklare sagt enn gjort. naturlegvis var det eg som måtte etter (mulegens ei ulempe ved å like å gå i joggesko?). Heisaturen gikk opp ein bratt bakke, gjennom ein hage, opp endå ein bratt bakke, ein rundttur rundt eit par hus, før eg endeleg kom meg forbi og fikk snudd dyra. Då var det å henge på etter dei, ned same vegen som vi kom opp. Då vi kom dundrane ned til flatmarka igjen, var mamma koma med ei mjølbøtte, dermed fikk vi sauen inn på plass, lammet stakk forbi grinda og der møtte den ein sau til. Med to lam. Ein inne, fire ute. Ojdå.
Denne sauen tenkte visst litt i same baner som den forrige, i allefall tok den akkurat same vegen som den første hadde gjort, heldigvis klarte eg å kome forbi dei tidlegare, og fikk snudd dei rundt. Dermed fann dei ut at det freista mest å gå inn grinda til resten av flokken. *puuuh!*

Hugsa eg forresten å nemne det at eg ikkje har kondis? Då meinar eg verkeleg ikkje har kondis. Ei blanding av staheit og adrenalin er til god hjelp, noko som stort sett alltid slår inn hos meg, om dyr stikk av. Eg sprang faktisk alle bakkane, både opp og ned (hadde eg prøvd å gjere det same utan sauer, hadde eg gitt opp etter første stigninga). Uansett var eg så gåa etterpå, at eg måtte kvile ei god stund, før eg i det heileteke var i stand til å køyre dei siste 500meterane heim, eg var faktisk på nippet til å kaste opp der eg stod. Hardaste intervalltreninga eg har vore borti nokon gong.
Det lovar ikkje bra, kondisjonstrening må definitivt på dagsplana. Jaja, då kan eg sikkert lufte hunden i same slengen, så slipper pappa.

Dverg Kochin

Dverg Kochin (DK), var ein rase eg i grunn ikkje hadde spesielle tankar for og visste lite om, men som eg fikk som ein bonus då eg kjøpte nokre andre rugeegg. Ein positiv overaskelse, så om alt går bra og med litt flaks, så får eg kan hende mi eiga levande rugemaskin. Det hadde i allefall vore toppers! Om denne ruginga skulle verte misslykka, eller noko anna skulle skje etter klekking, så kjem eg nok truleg til å prøve å skaffe nye DKegg for å prøve på nytt.

Dette var å finne om rasen på wikipedia:

"Dvergkochin er en hønserase (urdverg) fra Kina. Denne rasen kom til Europa i 1860. Dvergkochin er en rund og svulmende høne med en fyldig og dunet fjørdrakt. Rasen har blitt videreforedlet siden slutten av 1800-tallet gjennom England og Tyskland.
Dvergkochin er en urdverg som det ikke finnes noe klart motstykke til, det finnes riktignok en rase med samme navn, men det er også alt de har til felles sammen med at de stammer fra Kina.
Det er en veldig kjent og populær hønserase med kompakt befjæring som er dunrik og myk. Den er en ganske god verper, og har ekstremt god rugelyst. De passer derfor perfekt som fostermødre.
De er rolige, behagelige, lette å temme, og de passer perfekt for deg med barn i hagen. De passer derfor veldig godt som kjæledyr, og passer godt for nybegynnere.
De har et ganske godt rykte som en god egglegger og kyllingfører. Eggene er lysebrune og veier 30 gram. Hanen veier 850 g. og hønen veier 750 g."

Einaste eg stussar litt på, er at dei rugeegga eg har, er kvite(identisk farge med egga frå islandshønsene).
Dette kjem gjerne av at det er lys farge på foreldra? Ikkje veit eg, blir uansett spennande å sjå!

Beskjeden eg fikk av ho som gav meg egga: "Så sender jeg med 3 egg av Dverg Kochin. Disse gir ikke renfarga avkom, men 25% åkerfarget og 75% gul. Noen blir nesten helt gule, noen brune med gult i. De er også for store i forhold til standard." - dette var ei veldig hyggeleg dame! :)
Det er uansett rugeegenskapane eg er ute etter (ev. egg og slaktedyr er meir ein bonus).

Og dette fann eg på denne nettsida (der var mange fine bilder av DK i forskjellege fargar, samt sal av dyr/egg):

"FAKTA OM DVERG KOCHIN

Opprinnelse:    Urdverg (ikke nedkryssing fra stor rase). Rasen sies å komme fra Kina. Importert til Europa på 1800-tallet.

Beskrivelse:    Hardfør rase som skal være like bred som den er høy og lang. Særdeles fyldig befjæring og fjær på føttene. Krever noe stell av føttene.
Utpreget sosial, rolig og lett å få kontakt med. Kan bli utrolig tamme, noe som har gjort de til en veldig populær rase. Finnes med krøllete og normal fjærdrakt og i mange fargevarianter.

Hane vekt:    850 gram
Høne vekt:    750 gram

Verpeklare:    16-24 uker ? avhengig av årstid, temperatur og lys
Egg:    Periodevis ett om dagen.

Eggfarge:    Lys brun
Eggvekt:    Minstevekt 30 gram ? Idealvekt 33 gram

Ruging:    Hønene meget rugevillige og blir lett klukk. Kan brukes til å ruge fram egg av andre raser.

Kylling fakta:    Vokser ganske fort

Bestemme kjønn:    Etter noen uker

Fargevarianter:
-Hvit

-Svart
-Gul
-Blå
-Perlegrå
-Rød
-Sort hvitplettet
-Tverrstripet
-Gul tverrstripet
-Blå-sort/spettet
-Sort sølvbrystet
-Gull sort/båndet
-Sølv sort/båndet
-Laksefarget
-Hvit sort/columbia
-Gul sort/columbia
-Legbarfarvet
-Gull sort/porcelen
-Perlegrå gråstripet
-Gull sort hvetefarget
-Hvit Blå/Columbia"

 

Så det var litt om minihønsa eg håpar å få ruga ut. Fasinerande informasjon, blir spennande å sjå korleis egga mine vert som vaksne.

Stikkord:

Islandsk landhøns

Islands landhøns, Islandshøns, vikinghøns(sistnemnte er også brukt om Jærhøns). Kjært barn har mange namn.

For kort tid tilbake, hadde eg ikkje høyrt om denne rasen (kanskje ikkje så veldig rart, då den ikkje er godkjendt som eigen rase i henhold til norsk fjørfestandard). Namnet faga uansett merksemda mi, så eg kikka litt rundt etter denne rasen. Dette er blandt det eg fann:

fuglepraten fann eg dette (fritt plukka og oversatt til "mitt språk"), orginalt skrevet av forumbrukaren "PerML" :

"Litt informasjon til de som ikkje kjenner denne rasen.

Islandske lanhøns er sannsynlegvis den første norske rasen vi har, den levde under vikingtida i Noreg. Den vart med på vikingtokter og skulle forsyne vikingane med ferske egg under reisa. Fleire av desse toktene gjekk til Island, der hønene vart plassert i land. Sakte men sikkert døde rasen ut i Noreg. På Island holdt rasen på å døy heilt ut rundt 1980-talet, men heldigvis var der nokre ildsjeler av bønder som samla inn dei siste eksemplara og fikk stammen på føtene igjen.

I 1997 fikk ein norsk herremann løyve til å reise til Island og hente med embryo til Noreg, og rasen var då på veg tilbake. Fleire uheldige hendelsar (hanedødsfall (naturleg og revetekne) og nedslakt) førte til at det i fjor (2009) viste seg å vere igjen (som vi veit om) 12 høner og 2 hanar. Eg var så heldig å få tak i 9 høner og 1 hane som eg sat i fjøsen her. Håpet mitt er å få denne norske rasen på føtene igjen. Har vore i kontakt med genbanken, men sidan det manglar DNA-bevis på at dette er den første registrerte rasen, er ikkje motivasjonen der for stor."


Dette fann eg på denne nettsida:

"Islandshøns stammer fra de hønsene norske vikinger tok med seg til Island for ca. 1000 år siden. Siden da har rasen vært isolert på øya. For et par decennier siden ble de gjenlevende flokkene, som var spredd over hele øya, samlet. Takket være noen islandske bønder og entusiaster er rasen nå reddet. De første islandshønsene kom til Norge i 1996. Også denne rasen er utrydningstruet (dvs. under 500 dyr).

Islandshøns kan ha alle farger. En og samme høne kan ha en hel bukett av farger.
Bena er gule. De kan ha enkeltkam eller rosett-kam (som RedCap).
De er godt vinterherdige og værper bra. De er dessuten svært flinke til å finne mat selv, egenskaper som har vært livsavgjørende på Island.
.
Ved genetiske tester har man funnet ut at norske jærhøns er den ?rasen? som er nærmest beslektet med islandshøns.
.
Høne og hanevekt er som gjærhøns.
Eggvekt:  50-65 g
Eggvarge: Hvite - benhvite"

Og her er link til ei islandsk nettside om nettopp Islandshøns, sånn i tilfelle nokon forstår islandsk. (Er uansett litt bilder der.)


Så då veit de litt om denne spennande rasen som eg driv å rugar ut.
Håpar verkeleg alt går bra med ruginga, då eg har veldig lyst å sjå og oppleve denne rasen i levande live.

Stikkord:

Sommarhus for høns

Sidan bygginga av fjøsen ikkje er fullført endå, noko som resulterar i at heile garden ser ut som eit bomba annleggsområde, så er det vanskeleg å starte med å lage eit permanent hønsehus heilt endå. Difor har eg og ungane laga eit mobilt sommarhus, som skal huse hønene i starten. Det gir oss tid nok til å vente med det store hønsehuset fram til august eller der omkring.

Kriteriane for hønsehuset var desse:

- Lite og mobilt
- Praktisk henting av egg
- God rugeplass og vagl
- Stort nok til at vaksne kan kome inn
- Bruke hovudsakeleg materialrestar

Resultatet vart slik:



Framgongsmåte:

Først fann eg meg ein passeleg palle (ikkje ein europall, men ca den størelsen, bittelitt større trur eg). Så raska eg saman avkapp av panel(?), slike med spor som passar inn i kvarandre, og laga tett golv på pallen. Deretter var det å bestemme seg for ei passeleg høgd, og kappe til 4 like store plankebitar (boksar) og snikre dei fast i kvar sitt hjørne (eg festa dei på utsida av kvar kortside).
Fann nokre fjøler som eg saga til å festa oppå desse "hjørna", slik at dei holdt seg nokelunde i ro, før eg begynte å kle langsidene og eine kortsida. Lot kortsida få to opningar, som skulle verte eggeluker.
Den siste kortsida får dør og høneluke.
Etter å ha kledt ein del av langsidene, fann vi (eg og eldstemann) ut at vi skulle bruke litt vindbremsduk for å få lufting og lys inn i huset. Far min har det meste liggande, inklurdert småbitar(og store) av vindbremsduk. Dette var stifta på.
Etter å ha kome opp til toppen, var det på tide å lage møne. Det vart enkelt og greit målt ut ei ca lengde på taket, saga til 4 fjøler i rette lengde, før dei vart spikra saman to og to i 90graders vinkel.
Vinklane var deretter satt opp på taket, med ca like mykje utstikk nede, og spikra fast.
Fann ut at det passa bra med vindbremsduk til "møneglas" og.
Brukte nokre fjøler (ei opp og ei nede på kvar side av taket), til å stive av det heile, før eg brukte ei vanntett plate (slik som ein brukar under bølgeblekktak), som takplater. Tanken er å feste på bølgeblekk oppå, men det treng eg hjelp til, så det er ikkje gjort endå.
Trakk noko plast over skøytane og limte det fast med silikon(slik fugesilikon).
(på dette tidspunkt var huset innreda, men det tek eg igjen lenger nede).
No var huset vasstett, og det var på tide å fjerne det frå tunet (byggeplassen var rett forran inngangsdøra).
Med traktor og pallegaffel var det ingen sak og flytte huset ned til frukttrea, der eg ville ha det.
Litt justering av plasseringa måtte til, noko som går greit ved bruk av handamakt.
Fann fram noko impregnert boks, og saga til to passe lange stubbar, som eg la under hønsehuset (for at pallen ikkje skal rotne) og sprikra fast.
Eldstemann ville at vi skulle måle huset. Restemåling har vi sjølvsagt ståande (eg anar ikkje kva vi ikkje har ståande), han fikk velge mellom raud, kvit og grått. Det vart raud, flinke guten!


Innredinga av hønsehuset:

Heilt frå eg begynte, var eg bestemt på å ha verpekasser i to høgder, då det ellers vil verte litt liten plass. Difor laga eg to opningar som skulle føre inn i kva si kasse.
Eg laga ein stige opp til den andre kassa, og har festa ein vaglepinne oppunder taket (skal lage til ein til, så det vert god plass til alle).
Slik såg det ut innvendig før eggelukene var laga til:

 

 

Eg må legge til at dette er amatørsnekkring, utan bruk av vater eller tommestokk (hadde eit målband, men det er så som så å måle material med). Uansett er eg godt nøgd med resultatet og håpar fuglane vil trivast.
Einaste som gjennstår no, er å få opp siste biten av hønsenettingen på uteomårdet, måle døra og egglukene, skaffe strø, lage grind, finne fram matautomaten (veit kvar den er), skaffe kyllingfôr og ikkje minst: høns.

Gledar meg til dei kjem!

Stikkord:

Hønsehald og ruging

Som sagt, skulle eg fortsette å skrive her, men som de som er innom nokelunde fast sikkert har fått med seg, så er eg ikkje den som publiserar noko serleg ofte.

Ja, no er det godt over eit år sidan hønsa måtte vike pga. påbygginga av fjøsen, og då er det på høg tid å gå til anskaffing av nye eggleggarar.

Eg har eit rugeprosjekt på gong, og i skrivande stund ligg det 11 egg til ruging i bestestova (eller "drivhuset" som det det fungerar som for tida). Desse egga består av 3egg av rasen Dver Kochin (eller dverg kinesarar som eg likar å kalle dei, då det er mykje lettare å uttale) av fargen gul/åker gul og 8egg av Islandsk landhøns (også kalla Islandshøns eller vikinghøns).
Av DK egga håpar eg å få høner, som kan verte klukkhøner(rugehøner), slik at det vert enklare å få fram kyllingar i framtida. DK har rykte på seg til å vere gode rugarar og mødre.
Islandshønsa er meir ein kuriositet, og eg likar historia deira. Dei legg greit med egg og har stor variasjon i utsjånad, noko eg ser på som eit pluss.

(Snart har eg planar om å bestille kyllingar av Jærhøns i tillegg til rugekyllingane, då dette er ein rase eg har sansen for. Kva er det med meg og gamle nordiske rasar eigentleg?).

Egga kom i posten, så eg var veldig spent på korleis dei hadde klart turen. Det kom opprinneleg 17 egg i posten, og alle verka bra i starten, men somme gikk ut undervegs i ruginga, slik at det no er 11stk igjen.
Etter postgangen fikk egga kvile eit døgn. Då stod dei i ein eggekartong, med den spisse enden ned. Kartongen var bygd opp på eine sida.Etter eit døgn i ro, begynte eg med å vende egga 2gongar for dag (flytte klossen under kartongen, slik at egga stod vekselvis lent mot høgre og venstre).
Rugemaskina, som eg lånar av ein sambygding, kom 16.mai. Den vart vaska og testa ut, måtte forvisse meg om stabil temperatur på rundt 37grader.
18.mai la eg i egga. Maskina må ventast manuelt, to gongar for dag.
Etter nokre dagar lyste eg egga (brukte ei lita ledlommelykt og ein rull med sportstape).
Dag 10 sorterte eg egga og fjerna egg utan liv. Alle hadde utvikla seg, men somme døyde av ukjend årsak (bakteriar, hard medfart eller anna).
I dag er det dag 16 av ruginga. Har praktisert såkalla tørrruging, men om fuktigheita har gått ned mot 20% har eg hatt i litt vatn, så det ikkje skal verte FOR tørt.
Onsdag (dag 18), skal det gjerast klart til klekking.
Då skal eg fjerne skilleveggane mellom egga, slik at egga ligg på sida og har god plass, samt auke luftfuktigheita til rundt 70%(for at skalet skal bli muleg å kome ut av).
Etter dag 18 skal ikkje rugemaskinast opnast før klekkinga er over. "Terminen" er 8.juni (dag 21), men det kan skje litt før eller litt etter.
Sidan det er kort tid igjen til klekking, har eg begynt å snakke til/lokke på kyllingane. Ein kan i grunn samanlikne følelsen eg har i forhold til klekkinga, med følelsen eg hadde då eg venta barn sjølv, det er litt i same følelsesbane (eg er nok hønemor på fleire nivå).

Klekkinga kan ta tid. Når første kylling kjem ut av egget, har ein nokre døgn på seg før denne bør ut av maskina for å få mat(eg tenker å operere med 1,5døgn dersom det trengst). Kyllingar har ein plommesekk som dei tærer på dei første døgna.

Her er egga etter utsorteringa på dag 10.

 

No ventar eg i spenning på at laurdagen skal kome, eg frytar at alt går gale, slik at kyllingane døyr før dei kjem ut. Difor kryssar eg fingrane og tenkjer positivt.

Vegen vidare

Det er ikkje berre berre å start opp der ein slapp. Mange halvferdige innlegg er skrivne, ingen publisert. Og dess meir tid som går, dess vansklegare vert det.

Spørsmålet om å gi opp heile bloggen har vore tilstades.
Mange gongar.
Det ville vore sytalaust, eg ville sluppe å fundere på kva som skal skrivast og brukt pcen mindre.
Men,
truleg ville det nok dukke opp andre, kanskje mindre fornuftige ting, å ta seg til på pcen.
Så då var eg like langt.

Dessuten føler eg at bloggverda er overrepresentert av konsum, forbruk, sjølvdyrking og utlevering av intime hendelsar og familieliv. Kanskje er det viktig at litt av jordnærheita er representert? Ein kvardag som ikkje kun handlar om endelause handleturar og sladder.

Eg seier ikkje at eg vil klare å formidle bakkekontakt til nokon, men eg føler at eg bør prøve. Om skribleria og bilda eg legg ut her, kan hjelpe ein person til å ane håp i eit skakkøyrd samfunn, inspirere til å gjere noko lite for eit større felleskap, eller kanskje berre å bestemme seg for å dyrke ein eller anna matnyttig vekst, så føler eg at det er grunn nok til å bruke litt tid på å formidle ting og tang som foregår i denne trange dalen, langt vest i vårt langstrakte land. Personleg kjenner eg stor glede når eg kjem over folk som formidlar verdiar som minner om mine eigne. Det gir meg håpr, fordi eg då veit at eg ikkje er aleine, sjølv om det av og til kan følest slik.

2013 kan bli eit utfodrande år. Vi står føre eit val til hausten, men kva skal vi gjere med det? Politikken er stortsett lik, uansett kva farge eller namn partiet har. Og alle ser ut til å ha gløymt kva som verkeleg er viktig. Det er visst veg, olje og meir rikdom som står i hovudet på dei fleste. Sjølvforsyning, familie, natur og miljø vert, i beste fall, kun brukt for å pynte litt opp på partiprogramma. Alt no er eg lei av å høyre på politisk pisspreik som blir spreidd utover landets befolkning. Og det lenge før landbruksforhandlingane er i gong, ikkje at eg egentleg har store forhåpningane om at dei skal føre med seg noko revelusjonerande.
(Kva skjedde med det å ha valkamp rett før valet?)

Heldigvis er det lyspunkt framover og. Alle har nok fått med seg den såkalle "hestekjøtskandala" som siste tida har herja i media. Supert at dette dukka opp, spør ein meg. Hestekjøt er eit ypperleg kjøt(så sant det er fritt for ulumskheiter) , men merkeordninga og måten mat vert produsert på er ikkje bra. Langt der i frå! Ikkje at det er noko nytt i at maten reiser frå land til land, før den hamnar på fatet til rikfolk som ikkje gidd bruke pengar på mat. Men folk flest tenkjer ikkje over den verkelege prisen for billegmat. Så at nokon luringar har prøvd å tene nokre ekstra kroner på matsvindel og har blitt oppdaga, er i grunnen kjempebra. Då kanskje nokre blir meir bevisste på kva som skjer rundtomkring. Skjønt, dei fleste gløymer det vel nokså kjapt igjen, då det ikkje er noko dei gidd ofte ein tanke på i kvardagen.

Samfunnet kan ikkje forsette slik som i dag. For å endre ting treng ein besvisstgjering (eller kanskje ei grundig oppvekking frå zombietilstanden folk lev i?).

I løpet av våren skal den lokale barnehagen kome på besøk her. Det er alltid kjekt for ungane å helse på kjea og resten av dyra. For somme, er slike besøk første møtet med eit husdyr. Skjønt dei fleste ungane heromkring, heldigvis, har møtt andre husdyr før, så gjeld det ikkje alle. Men sjølv blandt dei som har møtt husdyr er det få som har serleg kjennskap til dei. Det har eg fått erfare etter som eg har prata med lokale barneskuleelevar og sett reaksjonane frå tidlegare besøk her på garden (av barnehageungar og barneskuleelevar). På sikt håpar eg å få til ei årleg besøksordning i samarbeid med barnehage/barneskule, då dyr er noko alle barn har godt av å sjå og handtere.

Ein anna ting som står på plana denne våren, er å få laga til ein skikkeleg kjøkenhage. Planteslaga er uttenkt og frøa nettopp bestilt. Og med eldstemann klar for å få laga til "sin hage", så kan våren godt kome. Heldigvis kom sola tilbake 5.mars, så no brånar tela både unda frå og ova frå på ein gong.
Medan vi ventar, vert det ein del blading i diverse hagelitteratur. Favorittane for tida er "planlegg den økologiske hagen", "krydderurtar i hagen" og "den nye komplette håndbog i selvforsyning" skjønt vi har mange andre bøker tilgjengeleg.

God vår!

Gravinga er i gong

Etter å har brukt første tida av sommarferien på å rydde ut gamle gardar og rive eit lite tilbygg(det som fram til påske vart nytta som hønsehus) på geitefjøsen, har vi no endeleg kome så langt at første gravetaka kunne takast. Ein sambygding med gravemaskin var her og grov, vi fjerna mesteparten av steinmuren langs med vegen opp til låvebrua, og fjerna ein del jordmasse(som vart lagt i haugar inn til vidare).
Rundt fjøsen begynner det no å sjå litt ut som ein annleggsplass, men etter å ha venta sidan i fjor sommar på at vi skulle kome i gong, må eg innrømme at eg synest det er veldig stas!

Det neste som skal skje no, er at vi skal skjere ein betongplatting med diamantskjer, for så å fjerne den, før det skal reinskast opp og gravast gjødselgrop. Etter det begynner støypearbeidet.

Plana er å ta litt av bygginga om gongen, så det er austsida(langsida) av fjøsen vi har starta på. Etter kvar skal framsida(sør) og mjelkeromet(vest) ordnast, skjønt det er greit å ikkje overdrive i starten. Dyra skal jo mjelkast kva dag, og tankbilen må kunne hente mjølka. Då er det greiast med "rolege" forandringar.

Geiter er dessutan ikkje glad i forandringa, utruleg nok!
Ein skal leite lenge for å finne meir nyskjerrige dyr enn geiter, men er der endringar dei ikkje var forberedt på, kan ein berre gløyme at dei skal passere eit område heilt frivilleg.
Heldigvis har det gått nokså greit så langt, sjølv om vi har reve og greve rett ved teina dei går i kvar dag, til og frå beite.

Nordsida av fjøsen, ser ut som eit roterier (det har det forsåvidt gjort ei stund), men tenk kor fint det skal bli når ting er ferdig.
Då skal det bl.a. kunne gå ann å slå i bakken.


Bildet er teke mot nord, i frå under låvebrua (eller latråppa som ein seie her i området).


Austsida av fjøsen før gravinga. Har siste tida vore eit "daudområde" utan spesiell funksjon.
I kortare periodar har det vore inngjerda og beita av kje.



Det er lett å sjå at fjøsen ikkje tek skade av å få ei overhaing, berre legg merke til "torvtaket".
I muren, som gravemaskina fjerna rasa det ut ein del for mange år sida (veit ikkje om det var før mi tid, men eg kan ikkje hugse at det skjedde).



Her er mesteparten av muren fjerna, steinane er lagra i bakken ovanfor (til gjenbruk), og vegen er litt utvida.


Eg gledar meg til fortsettelsen!

Les mer i arkivet » Februar 2014 » Juni 2013 » Mars 2013
Vestlandsk Gardsliv

Vestlandsk Gardsliv

24, Stryn

Eg skriv litt om det å kome frå(og bu på) eit gardsbruk. Tankar, gjeremål og ting som skjer i kvardagen. Landbruk, mat, natur, økologi, familie og foredling, er ting som betyr mykje for meg og vil bli omtalt her. Periodvis vil det vere ingen aktivitet, andre tider skjer det meir.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits